Happy tirsdag - let`s chill out!


Dette er eit nytt tilbod i Eidfjord kyrkje for alle som går i 6., 7. og 8. klasse. Kvar andre tysdag i månaden, rett etter skulen står kyrkjedøra open for deg.

Stikk innom med vennene dine! Saman pønsker me ut nye og spennande ting me kan gjere i lag. Me kan for eksempel invitere nokon som kan hjelpe oss med å bli flinkare til å lage mat. Eller me ber ein kunstnar gjere noko kreativt i lag med oss. Det fins også spennande brettspel, så me kan organisere ein brettspel-konkurranse. Berre kom med forslag! 

Tysdag 9. september står i alle fall bålpanna klar i kyrkjehagen, så me kan grille pølser og marshmellows.

Tilbake